Sv: Spinoff igjen: Kjenner du noen du mistenker bruker for mye medikamenter?
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Men går det an å sette opp eit absolutt skilje mellom fysisk og psykisk, når det kjem til muskelsmerter då? Og er det eigentleg så relevant kva som eigentleg er kva? Viss ein person har store problemer med spenningshodepine på grunn av feil holdning, spenningar i nakke og skuldre på grunn av psykisk stress, er hodepinen like smertefull og ei like stor påkjenning, som om det ville vore ein nevrologisk årsak til hodepinen. Eg har lese ein god del om forholdet mellom smerter og psyke i det siste, og eg har intrykk av at det på ingen måte er eit absolutt skilje.
Nei, eg trur ikkje det er eit absolutt skilje. Det er vel det eg prøver å forklare, kanskje på ein dårlig måte. Eg trur absolutt at ho føler fysisk smerte, men mykje av årsaka til smertene trur eg er psykisk, f.eks spenningar på grunn av psykisk stress. Så det er mulig at psykomotorisk fysioterapi kunne ha hjelpt. Medikamenta fjerner ikkje årsaka til smertene. I tillegg er eg redd for at avhengigheita skapar falske behov hos ho ved at ho på dagar der ting er ekstra tungt psykisk kanskje innbillar seg/overbeviser seg sjølv om at ho har litt ekstra vondt og at ho derfor har lov til å ta ekstra mykje smertestillande. Er ikkje det ganske vanlig hos personar som har blitt avhengige av smertestillande medikament?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|