Ein restemat-tråd
Vi har komme inn i ein litt negativ spiral nå, med tanke på kasting av mat. I og med at vi har ein snart treåring som den eine dagen bare spiser fire gulrøtter til middag og neste dag ikkje liker gulrøtter er det veldig vanskeleg å berekne matmengde. Eg ender opp med små boksar med wokka eller kokte grønnsaker, salatrester som er for lite til lunsj og liknande, som står i kjøleskapet til dei blir dårlege og så blir kasta. Så eg tenkte eg skulle be om litt inspirasjon og tips frå dykk andre til korleis matrestar blir brukt og korleis ein kan jobbe aktivt med å kaste mindre mat.
Her er alt frå oppskrifter på omelett av grønnsaksrester til informasjon om at egg eigentleg er holdbart ein månad lenger enn datostemplinga velkomment - alt som kan redusere mengda mat som blir kasta.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|