Om fleirbarnssvangerskap og abort
Dei siste dagane har det vore mange medieoppslag om at det er mogleg å fjerne eit foster ved tvilling- eller fleirbarnssvangerskap. For meg - personleg - som meiner at den abortlovgivninga vi har er for liberal (utan at eg ønsker å gjere det til tema for diskusjon her og nå), har eg problemer med å skjønne dei sterk reaksjonane. Mange i fb- og Twitter-feeden min, som elles forsvarer sjølbestemt abort, som reagerte intenst på forslaget om reservasjonsretten og som elles har ganske klare standpunkt i for retten til sjølbestemt abort, er negative til å fjerne ein tvilling eller ein trilling. Kan FP forklare meg kva som eigentleg er den prinsipielle forskjellen på å fjerne eit friskt foster og på å fjerne eit av to friske foster? I mine auge blir det to sider av same sak, så eg er litt overraska over dei voldsomme reaksjonane her.
Det blir vanskeleg å ikkje formuler eit ledande spørsmål her, men er det folk her inne som forsvarer retten til sjølbestemt abort og samtidig reagerer negativt på moglegheita for å abortere eit av fleire foster? I så fall, kan eg få litt hjelp til å forsøke å forstå rasjonalet bak dette?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|