Sv: Strider mot mors tro å selge lodd, sønn (10) kastet ut av fotball-laget
Angåande det å "lage ein dugnadspott med hensyn til ulike foreldres religion": Det er ganske forutsigbart at barn som tilhøyrer ulike religionar ikkje deltar på ulike ting. Korfor skal ein gjere eit kjempeproblem utav "å dra religionskortet", når det kanskje er snakk om eit eller to barn på kvar dugnad? Om fleirtalet stiller, og er litt rause med tanke på kva religion kan bety for einskilde, viser litt forståing for at ikkje alle har dei same verdiane, er det då så farleg om den eine frå Jehovas vitne ikkje deltar på 17. mai eller den eine muslimen ikkje sel lodd?
"Å dra religionskortet" er eit uttrykk som vitner om stor mangel på forståing for kva religion faktisk betyr for ein del mennesker. Og medan det er eit veldig stort fokus på å inkludere ulike folk, er haldningane til religiøse mennesker ganske snevre, både her på FP og i andre samanhenger. Dei religiøse barna har ikkje nødvendigvis vald å bli oppdratt til ein religion sjølv. Og med ein konstant trussel om helvete og evig pine, er det ganske tøft å protestere. Når einaste "godkjende" aktiviteter foregår i trossamfunnet, blir barnet endå meir isolert. Og mange barn veks opp med veldig strenge skulke mellom oss og dem.
HI spør om det er riktig at foreldre påfører barna begrensningar. Det er det ikkje, men faktum er at mange barn veks opp i miljø kor foreldra si strenge tolkning av rett og gale preger kvardagen. Å ekskludere dei som "drar religionskortet" vil nok dessverre bare føre til at dei barna som allereie er i skvis mellom foreldre-religionen og samfunnet blir meir isolert. Så nei, det er ikkje riktig å la barna lide under foreldra si tru. Derfor bør ressurssterke voksne som trur på individets friheit gi dei barna som må forhalde seg til streng religion heime få desse arenaene til å bli inkludert i eit romslegare fellesskap.
Om ein godkjenn "religionskortet" for å ikkje delta i dugnad, tviler eg på at det vil komme ein heil bøling med tilhengarar av The Flying Spagettimonster og nekte barna å spise pasta. Eg trur dei få barna som allereie er isolert frå mange aktivitetar vil kunne få ein arena for integrering. Og då meiner eg like mykje integrering av barn med bakgrunn i streng kristendom som islam.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|