Sv: Henrik Syses innlegg om å være sliten pappa i ferien
Eg syns han skildrar det omtrent sånn som det føles eg.
Eg syns det å ha barn er beinhard jobb og altfor lite kos og glede. Heilt ærlig. Veldig greit at ein blir så glad i dei sånn at ein tross alt ikkje angrar på å ha fått dei. Underlig mekanisme.
Ferien var tøff, og oss to voksne hadde frynsete nerver den siste helga før vi fekk dei i barnehagen. På toppen av det heile hølja det ned ute og vi var innesperra i ein trang leilighet. Ikkje kunne vi gå ut på kino / museum eller slikt, for minsten skal jo sove midt på dagen og har uansett liten glede av det. Deler av ferien tilbrakte vi hos mine foreldre, og det ga litt avlasting 
Som sagt; å ha barn er den mest slitsomme jobben eg har hatt. Eg skulle ønske vi hadde hatt familie i nærleiken som kunne passe ein liten time, eller hente i barnehagen av og til, eller økonomi til vaskehjelp eller ein au pair.
Eller eg skulle ønske storesøster var litt større slik at ho forsto at minsten ikkje forstår så mykje, eller eg skulle ønske minsten var litt større slik at han kunne leke rolleleker med henne. Eg kunne også tenke meg litt meir plass inne slik at dei kunne springe rundt utan å rive ned tørkestativ og stolar Eller at storesøster slutta å ha uhell og tissa på golvet, og at veslebror ikkje satte seg i det når storesøster blei tatt ut i dusjen. Og det hadde vore fint med ein grønn flekk med gjerde rundt som var vår. Ikkje berre blokker og asfalt.
|