Sv: CERNs eksperiment kan føre til jordens undergang
Eg er ikkje heilt sikker på om eg synest det er så fruktbart å le av dei som vise skepsis til prosjektet. Det er mykje meir relevant og viktig å faktisk argumentere med at alt vi i dag anser som sjølvsagt kunnskap ein gong har vore på eksperiment-stadiet, og at det alltid har vore spektikarar som har prøvd å stanse eksperimenta. Majoriteten meinte jo faktisk at jorda var flat, då eksperiment viste at den ikkje var det.
For mange er alt nytt skremmande. Det bryt med det verdsbildet vi føler er trygt og stabilt, og rokker ved kjensla vår over å ha oversikt. Dette er ei grunnleggande kjensle som eg faktisk synest det er litt ufint å gjere narr av.
|