Sv: CERNs eksperiment kan føre til jordens undergang
Opprinnelig lagt inn av Benmurphy, her.
Dette var jo faktisk et veldig relevant svar, siden utgangspunktet for hele debatten her jo nettopp er «Hollywoodskolen» innen vitenskap, vitenskapsteori og vitenskapshistorie, den er ikke etterettelig, men populær og underholdende. Problemer oppstår når man internaliserer lærdom derfra og dermed tror den har sammenheng med virkeligheten, enten man tror at folk i 1492 trodde jorden var flat eller at vitenskapsmenn i et laboratorium i Sveits i 2008 kan få jorden til å bli flat.
Ben "mutant super hero" Murphy
Det er i grunnen veldig lite relevant for poenget mitt kor vidt filmen frå 1992 er etteretteleg eller ikkje fordi:
a) det var eit tullesvar (eller fjasing om du vil)
b) hovudpoenget mitt var at kunnskap sjeldan/aldri er verken absolutt eller fullstendig
Eg synest ikkje det er verken hårreisande eller rart at ein kan bli redde av eit slikt eksperiment etter å ha lest dei tabloide framstillingane. Historia viser jo at kjemiske og fysiske nyvinningar (i tillegg til teoretisk kunnskap) har vorte brukt til å produsere t.d. masseøydeleggingsvåpen, og med god fantasi så kan ein sjå føre seg mange måtar eit slikt eksperiment kan misbrukast på (i tillegg til frykta for eit svart hol).
Eit anna viktig poeng er jo nettopp det at det er vanskeleg for "mannen i gata" å vurdere farar ved eksperiment som baserer seg på fysikk og kjemi, nettopp fordi innsikt og evne til sjølv å gjere seg opp ei meining krev temmeleg god innsikt i dei aktuelle fagområda. Eg har ikkje nok kunnskap om astronomi til sjølv å gjere meg opp ei meining om kor vidt tyngdekrafta av eit lite hol vil kunne føre til at holet ekspanderer og utviklar seg til etter kvart å bli av ein gigantisk dimensjon.
|