Sv: Dødshjelp
Opprinnelig lagt inn av Alfa, her.
Jau, men det er jo ein del av poenget mitt. Ein vil aldri kunne setje seg inn i den situasjonen det er å vere så sjuk og nedbrutt på førehand. Det blir like hypotetisk som å skulle forestille seg andre ting ein aldri har opplevd (samt dei emosjonelle følgjene av det). Det er enkelt for oss alle å hevde at vi aldri hadde latt oss mishandle av ein mann, eller at vi skal puste med magen og vere i zen under fødsel. Når ein brått er der er det langt frå sikkert at ein opplever situasjonen på den måten ein har førestilt seg.
Eg trur ikkje verken meiningar eller oppfatningar er så statiske at ein ikkje kan endre meining etter kvart som det dukkar opp nye element ein kanskje ikkje har vurdert som viktige tidlegare.
Fleire vektlegg jo at det å leve får ei heilt anna betydning når ein er dødssjuk. Det handlar ikkje lenger om å nippe rødvin i Provance, levere glimrande resultat på jobb, eller å bestige K2. Brått handlar det om å leve til barnebarnet er fødd- eller tek sine første steg, til sitt eige gullbryllup neste veke eller til å ha opplevd samhaldet kring middagsbordet ein siste gong...
Jeg tror du har helt rett i dette. Men mener du at det betyr at man skal ta mindre hensyn til ønskene hos den som ønsker dødshjelp? Eller mer hensyn?
__________________
It takes a great deal of effort to sustain a conservative, trustworthy persona.
|