Sv: Dødshjelp
Opprinnelig lagt inn av Sitron, her.
Ved å ha et bredt spekter av uavhengige fagpersoner involvert, for eksempel. Fra psykolog/psykiater, til lege, til hvanådetmåttevære.
Problemet med kontroll- og regelstyrt praktisering av aktiv dødshjelp er jo at ein endrar menneskeverdet i tråd med eit sjukdomsforløp. Om individet i utgangspunktet ikkje skal ha rett til assistert sjølvmord uansett årsak så har ein allereie redusert individet si friheit, og debatten kokar ned til å handle om når det er ok å assistere eit sjølvmord. Der bevegar ein seg ut i eit minefelt av etiske problemstillingar. Når ein praksiserer eit regelverk for kven som kan få tilbod om aktiv dødshjelp vil det etter kvart danne seg ei normativ oppfatning av kven som bør/kan nytte aktiv dødshjelp. Ein har då regulert menneskeverdet til denne gruppa av pasientar opp eller ned (alt etter ideologisk ståstad), og fjerna dei frå menneskeverdet til resten av befolkninga.
Kven som skal inkluderast i denne gruppa er også eit svært vanskeleg spørsmål. Som det går fram av kronikken tidlegare i denne tråden er svært sjuke pasientar ikkje (nødvendigvis) mentalt i stand til å ta slike val. Ofte kan slaget i trynet ein får ved beskjed om t.d. kreftspredning vere nok til at menneske "gir opp" og ønsker å forlate verda kontrollert. Dette til tross for at dei framleis har sjansen til å leve ein langt liv (og kanskje til og med bli friske). Dei fleste alvorleg fysisk sjuke pasientar er ikkje meir tilregnelege enn psykisk sjuke på dette punktet.
Til slutt har ein også det verkeleg store paradokset: Den gruppa dei fleste er samde om bør få hjelp til å forlate verda er kanskje den gruppa som i aller størst grad har problem med å tenke klart, kommunisere ønska sine og unngå å bli fanga av depresjonar.
Ein person som er mentalt sliten etter lang tids sjukdom, stadige slag i trynet, tung medisinering og å sjå at dei pårørande har det vondt, vil kanskje ikkje ha ei særleg stor reell friheit til å leve til siste slutt sjølv om det er det han/ho eigentleg ønskar.
|