Sv: Utsagn i artikkel om at kvinner vil forsørges, fra Dagbladet
Opprinnelig lagt inn av Simone, her.
Sjølv om dei fleste må gi avkall på noko dersom minst ein av dei voksne skal jobbe deltid, så treng det ikkje vere essensielle ting.
Dersom vi hadde kjøpt eneboligen som vi i følge banken har råd til og hadde kjøpt ny bil hadde vi ikkje hatt råd til redusert stilling. Men vi har valgt å droppe enebolig og køyrer rundt i kvar sin 96-modell Toyota Corolla. Og klærne kjøper vi på H&M, både til voksne og barn. Vi har heller ikkje Playstation, Xbox, Ipod og alle mulige andre duppedingsar. I år er første gangen eg kjøpte meg ein mobiltelefon som kosta meir enn 100 kr. I og med at vi aldri har vore vant til noko anna kjennest det heller ikkje ut som om eg gir avkall på noko.
Derfor har vi om eit par år råd til at ein eller begge jobbar deltid, sjølv om inntekta vår er omtrent på gjennomsnittet. Bruttoinnteka for husstanden vår er i dag 780 000. Det er ok, men ikkje kjempehøgt for ein husstand med to voksne i full jobb. Gjennomsnittlig bruttoinntekt for ein voksen person over 17 år var 345 000 i 2008. Eg håpar jo at bruttoinntekta vår skal krype opp mot 900 000 når eg er ferdig med dr.grad. Med utenlandstur annakvart år i staden for kvart år trur eg vi skal klare fint at minst ein av oss har 80% stilling.
Eg veit at eg er priviligert dersom eg samanliknar meg med f.eks aleinemødre, men vi er absolutt ikkje rike. Og bortskjemt er eg i alle fall ikkje.
Og det er en nyanseforskjell på at en med doktorgrad jobber 80 % og på at 40 % av alle kvinner i arbeidsfør alder (tall fra hukommelsen) jobber ingenting eller bittelitt.
|