Sv: Å invitere til bursdagslag og 'kreve' egenandel.
Då eg var student var dette ein heilt vanleg måte å feire bursdag på, så eg ville nok ikkje reagert negativt. Mange hadde for lite plass til å ha feiring heime hos seg sjølv og for lite pengar til å spandere ein større middag ute, på heile vennekretsen. Då blei det ofte presisert på førehand at vi ønsker at du kjem og betaler middagen din sjølv, istadenfor gave. Eg synest dette er heilt fair, i alle fall når det er presisert på førehand. Eg har vore i mange bursdagar på utestadar og liknande, kor vi ikkje har fått vite før vi er der at det er forventa at ein betaler eigenandel. Det synest eg er mindre fair, enn at det blir presisert i invitasjonen.
|