Sv: Å se problemer - eller å se løsninger
Eg er vokse opp med ei mor som såg problem før dei oppsto i det heile tatt. Alt var umulig, ingenting var enkelt, og før eller seinare fekk ein sikkert kreft uansett. Dette var så plagsomt at eg har tvinga meg sjølv til å tenke meir positivt. Og eg slektar nok helst på far min som ser meir lyst på ting - dog med unntak.
Men det er jo ikkje heilt slik at ein kan unngå alt av problem, så ein treng å ha litt realitet oppi det heile også. Det å ikkje sture over ting ein ikkje kan få gjort noko med - diagnosar, manglande barnehageplass, krasja bil el.likn trur eg er ein veldig viktig egenskap. Trist og forbanna skal ein sjølvsagt vere i starten, men så må ein ta fatt på å gjere det beste ut av det.
Eg er i alle fall slik skrudd saman at eg legg stor innsats i å gjere noko når ting oppstår. Det å jobbe med problemet er også ein form for eigenterapi som hjelper ein å ikkje bli dradd ned i søla.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|