Sv: Ungdomsskolelærere sier "Nei til kyssing og sexy klær"
Opprinnelig lagt inn av Benmurphy, her.
[...]Utspillet viser bare at han er en farlig tulling som er troende til å benytte ethvert tabloid argument for å fremme en reaksjonær og kvinnefiendtlig agenda; kanskje menneskefiendtlig eller bare virkelighetsfjern er like dekkende som kvinnefientlig, men ut fra artikkelen så klesreglene, som vanlig fra reaksjonært hold, stort sett ut til å være rettet mot jenter. Jeg oppfatter ikke nødvendigvis intensjonene som gode i dette tilfellet.
Eg håper det er valdtekstargumentasjonen du opplever som reaksjonær og kvinnefiendtleg, og ikkje apellen til å kle seg anstendig.
Eg tenker på dette kvar gong hijab-debatten raser. På jobb går jentene gjerne i shorts som skrår ned frå hoftekammen, litt høgare opp enn der trusene mine går. Dei har vide singletar, som er åpne, lenger ned enn til shortsen, under armane. Det betyr at det går an å sjå rett inn under singleten, og der har dei kun stramme, gjennomsiktige blondetoppar for bhar. Nå er det ikkje sikkert at dei eg prater med, er representative for fleirtalet, men eg veit at fleire opplever eit press til å kle seg i lite klede og vise meir hud enn dei er komfortable med. Eg snakker med jenter som sparer penger til å kunne ta ...ikkje silikon, men sånn som dei tar i leppene... til 18-årsdagen. Dei får ikkje lov av foreldra før dei er blitt myndige. Eg har ei skriveoppgåve om motepress/klespress eg ofte har brukt som trening i å skrive argumenterande tekstar. Så godt som alle jentene skriv at dei skulle ønske det var påbudt med skuleuniformar i Norge, fordi klespresset er ubehageleg og sterkt.
Det overrasker meg veldig, når eg les diskusjonar om religiøse hodeplagg, hijab og anna, kor "fridom til å kle seg som ein vil" eit gjennomgåande argument mot bruk av religiøse hodeplagg. Norske jenter har fridom til å kle seg korleis dei vil, på papiret. Men korleis blir han nytta?
Personleg trur eg at presset mange opplever, til å gå halvnakne i skuletida og fikse leppene sine, er minst like kvinne- og menneskefiendtleg som ei heildekkande relgiøs drakt. Og eg lurer ofte på kva jentene gjer med sitt eige og kvarandre sine sjølvbilete, viss dei ikkje har eit rom for å snakke om dei kjenslene dei har, rundt dette med kropp og påkleding.
|