Sv: Ungdomsskolelærere sier "Nei til kyssing og sexy klær"
Det er eit stort sexpress og press til å både kle seg utfordrande, godta tafsing som leik og manglande forståing for at intimsoner kan vere ulike frå person til person, i ungdomsmiljøet. Eg snakker ofte med elevar som reagerer negativt på dette, og har tenkt at dei skulle visst kor mange dei er. For alle går rundt og trur at dei er heilt aleine om å reagere og føle at den vennskapelege intimiteten er påtrengande.
At ein skule ser behov for å arbeide med haldningar på dette området, skjønner eg veldig god! At det blir framstilt som forbod og kommunisert til elevar og foreldre på denne måten, er veldig uheldig. Og det kjem jo fram frå reportasjen at det var meint som eit internt notat til lærarane, så det var nok ikkje meininga at det skulle kommuniserast til elever og foreldre på denne måten.
Argument om at mini-shorts fører til valdtekt er ikkje haldbart. Men tenåringer har ein måte å omgås på, som ikkje alle er komfortable med. Og det kan dei med fordel bli bevisstgjorte.
|