Sv: Redebygging: Kva _treng_ ein til første barn?
Opprinnelig lagt inn av bai, her.
Mann rister på hovudet og spør om eg er klar over at det er fire månadar til termin. Eg er det altså, men i og med at bekkenet kranglar og eg klarer å gå i ein butikk to gonger i veka, er det jo greit å planleggje litt, i alle fall.
Når syns han det skal gjerast da? Dagen før?
Du har fått alle dei tipsa du treng trur eg. Eg har berre ein liten ting til: ein liten pakke ferdig, flytande morsmelkerstatning (du treng ikkje pulverpakke - det blir for mykje). Den kan du sette innerst i skapet og vite er der, sånn at du slepp å få panikk den natta klokka 03 når amminga skikkelig krøllar seg til og du er i ferd med å bryte saman. Det er gjerne nok å vite at pakken er der, og gir ein trygghet som gjer at ein prøver enda ein gang å få barnet til brystet; ein slags psykologisk rustning mot dei tøffe ammedøgna (eg amma mine til dei var over 1 år, så det er ingan falitterklæring å ha MM tilgjengelig).
Mest sannsynlig vil amminga di gå heilt fint, men om du får problem, slik som eg fekk med første, er det ei voldsom påkjenning. Ingenting du treng å problematisere nå, men berre vite at om så skjer, så søker du hjelp, f.eks her inne.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 07-06-12 kl 10:10.
|