Sv: Straff for uro blant 6-åringer
Opprinnelig lagt inn av Meissa, her.
Jeg skjønner ikke helt at du kan mene at man skal møte barn med mange og tunge problemer med straff og sanksjoner? Burde det ikke settes inn ressurser som kan hjelpe disse elevene også. Eller skal vi bare gi opp enkelte elever fordi de krever for mye?
Nei, det meiner eg ikkje heller. Men eg meiner at det er mange som blir putta inn i den norske skulen, kor ein verken har apparat eller kompetanse til å følgje dei opp. Og det manglar ressurser til at ein lærar tar seg av ein elev, utan at det går på bekostning av 29 andre, i ein del tilfelle. Eg synest det er veldig vanskeleg, for det kjennest ikkje riktig å "straffe", samtidig har eg sett eksempler på at elevar time etter time har sabotert undervisninga. Når den einaste konsekvensen ein har er å ringe heim, er det ikkje alltid det heller har nokon effekt, det kjem veldig an på heimen.
Det er eit der-og-då-aspekt, med tanke på adferdsproblematikk, som er ganske vanskeleg. Særlig på barnetrinnet. Eg veit ikkje korleis slikt bør løysast. Men dette med disiplin- og sanksjonsmangel er ei utfordring, så eg skjønner kor dette forslaget kjem frå.
Eg meiner at løysinga burde vore tilgjengelege miljøarbeidarar med kompetanse innanfor barnepsykiatri, på ein del skular.
|