Sv: Kunsten å kutte snusen ...
Snus luktar ekkelt og barn får med seg meir enn du trur.
6-åringen min har hatt eit par vikarar i barnehagen som snuste. Etter det har ho og veninna begynt å leike at dei snusar i forbindelse med måltid og sånt. Puttar mat under overleppe og syns dei er superkule.
Ein del av dei faste ansatte røyker, men dei går langt utanfor barnehagen sitt område for å ta seg ein røyk slik at barna ikkje ser dei. Men barna veit jo kva dei skal når dei går, så eg syns ikkje noko om det likevel.
Eg må seie at eg blei skikkelig skuffa då eg oppdaga at den superfantastiske assistenten på 6-åringen si avdeling røyker. Etter at eg oppdaga det rykka ho ned frå 10 poeng av 10 mulige til 8 poeng for min del. Sikkert stigmatiserande og diskriminerande og you name it, men eg har rett og slett liten respekt for folk som røyker. Snus er ørlite granne betre, men ikkje mykje. Eigentlig syns eg det burde vere forbudt å selge både røyk og snus i Norge. Men det spørs om ikkje det berre ville føre til meir smugling og røyke- og snuse-mafia (digresjon).
Om du ikkje klarar å slutte å snuse i første omgang må du i alle fall slutte å snuse på jobb. Du må rett og slett slutte å ta med deg snus. Då slepp du å stole på viljestyrken.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|