Sv: Egoistisk av voksne å snyte ungdommen for OL?
Eg har ingen interesse av verken OL eller andre sporstarrangement og ser ingen grunn til å arrangere det i det heile tatt. Samtidig kjøper eg ikkje heilt pengane-kunne-vore-brukt-til-så-mykje-anna-argumentasjon ala denne:

For det er ikkje som om ikkje vi deltek i OL og det er ikkje som om vi ikkje er eit av verdas rikaste land. OL blir arrangert kvart fjerde år, og viss ikkje vi tar rekninga innimellom, gjer nokon andre det. Og då går det gjerne utover folk som er fattigare og har mindre enn oss i utgangspunktet. Sjå på Brasil, kor dei jamner slummen med jorda for å skufle folk ut av Rio før OL og VM.
I eit globalt solidaritetsperspektiv synest eg vi nordmenn burde ta rekninga for dette sirkuset med jamne mellomrom (forutsett at vi faktisk skal delta i det, på andre si bekostning). Om det skal skje i Oslo eller Tromsø og om det skal skje i 2022, er eg likegyldig til. Men eg synest heile solidaritetsargumentasjonen er svært navlebeskuande.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|