Sv: Diskriminering i stillingsannonser
(Eg fekk heller ikkje åpna lenka i HI).
Eg tenker at formuleringa "norskspråklig" kan komme på kant med arbeidsmiljøloven sitt forbod mot å diskriminere med bakgrunn i etnisitet, men at dette er ei klønete formulering. Når det gjeld helse, står det:
Sitat:
. Videre må arbeidsgiver ikke be om andre helseopplysninger enn dem som er nødvendige for å utføre de arbeidsoppgaver som knytter seg til stillingen, jf. arbeidsmiljøloven § 9-3.
http://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2014/kap2#kap2.3.3
Så der er vel formuleringa, slik ho er gjengitt i HI ikkje i tråd med lovgivinga. Og sjølv om eg har stor forståing for at arbeidsgivarar vil tilsette friske folk, tenker eg at det er veldig viktig at det er slike klausular i regelverket. Det er vanskeleg for kronisk sjuke å få brukt restarbeidsevna si, dersom dei ikkje er i eit arbeidsforhald kor dei har krav på tilrettelegging. Det er ordningar innanfor NAV-systemet som skal verne arbeidsgivar for store tap ved tilsetting av kronisk sjuke, som for eksempel at NAV betaler sjukelønn frå dag ein, ved sjukdom. Men viss ein faktisk meiner (slik mange gjer i nabotråden her) at folk som er sjuke bør jobbe så mykje dei klarer, er det jo veldig viktig at dei ikkje blir diskriminert frå å få brukt denne restarbeidsevna si.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|