Sv: Sykmelder kvinner seg for å "forebygge" sykdom?
Opprinnelig lagt inn av Maverick, her.
Den slags negative generaliseringer som dette, fra en kvinne, om kvinner, synes jeg er utrolig skuffende. Det er ikke spesielt lett å bryte ut av "slik er kvinner"-båsen når kvinner selv jobber så hardt for å opprettholde den. Du sier selv at dette er basert på egne observasjoner, og nettopp derfor kommer min kommentar om at du er på jordet, (som kanskje var noe ufint? Vel, jeg synes det er ufint å trekke kvinner generelt inn i din virkelighetsbeskrivelse), og at dette nettopp er "basert på mine observasjoner", som var en reprise av ditt argument om hvorfor du mener kvinner er som de er.
Kva er egentlig gale med setninga «Eg trur svært mange kvinner er altfor opptatt av kva som blir forventa av dei» ?
For det første står det «Eg trur». Altså gjer eg det rimelig klart at det er mine eigne betraktningar og ikkje ei faktaopplysning. Eg kan godt slenge på «Eg trur» foran «når det gjelder husarbeid heime er det likevel vi kvinnene som føler på skammen når det ser skikkelig rotete og skittent ut når det kjem besøk» også , men eg trur ikkje du blir blidare av det.
Kvifor er det ikkje lov til å seie kva ein trur og kva ein har inntrykk av?
Din konklusjon om at eg er heilt på jordet er vel også basert på deg sjølv og dine erfaringar?
Sjølv om vi ønsker å tru det er det vel litt naivt å tru at kvinner og menn er 100% likestilte på heimebane i norske heimar i dag. Det kan umulig vere spesielt kontorversielt å hevde det. I mange tilfeller er det høg grad av likestilling, men veldig ofte ikkje. Spesielt i familiar der begge eller mor har lav utdanning. Ved samlivsbrudd er det vel forsatt nokså vanlig at det er mor som har barna mest sjølv om det begynner å bli meir vanlig med 50/50-deling. Det er fortsatt ganske uvanlig at far har barna meir enn mor. Det er vel også ein indikasjon på at mor tar meir ansvar for barna enn far? Og for å kunne gjere noko med det må vi nesten innrømme at det er slik. Dersom det skal vere forbudt å skrive det kjem vi jo ingen veg?
Eg anser meg sjølv som rimelig likestilt. Alt av matlaging, husarbeid, ansvar for barn osv. blir delt 50/50. Mannen min hjelper ikkje til, slik eg høyrer mange kvinner snakke om. Han tar berre sin del av ansvaret. Men eg føler fremdeles på forventningane i miljøet rundt meg og innser at eg likevel ikkje er 100% likestilt sidan eg faktisk bryr meg. I desember er det for eksempel berre eg som får spørsmål om korleis vi ligg an i julestria. Mannen får aldri spørsmål om sånt sidan alle antar at det er eg som er koordinator for alt som skal gjerast og har kontroll på det. Det irriterer meg like mykje kvart år. Dersom mannen er i rommet når spørsmålet blir stilt sender eg berre spørsmålet vidare til han. Eksisterer det for eksempel juletråder på diskusjonsforum der det i hovudsak er menn? Mitt inntrykk er (igjen, eg snakkar om mitt inntrykk) er at det framleis er mor som er organisator for jula i dei fleste heimar. Far er med, men mor har hovudkoordinator-rolla. Sjølvsagt finns det unntak. Vår familie er eit av unntaka. Hos oss har vi ei veldig laidback-holdning til jula, men eg føler at det blir forventa frå kvinner rundt meg at eg skal vere meir opptatt av forberedelser til jul enn eg er. Mannen opplever ikkje det samme. Dermed opplever eg eit ekstra «usynlig» press i denne perioden som er totalt fraværande for han. Eg kan umulig vere den einaste kvinna her inne som føler på dette presset i desember.
Og når det gjeld påstanden om at enkelte kan tillate seg litt meir på FP når det gjeld å svare frekt, står eg for den påstanden. Blant «enkelte» er du inkludert, Maverick, men du er ikkje den einaste.
Eg trur ikkje eg er aleine om å ha denne oppfatninga, men det er nok ikkje så mange som orkar å ta peset med å støtte meg på det opent.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|