Sv: Lavkarbo for dummies...
Opprinnelig lagt inn av emm, her.
En annen ting: jeg spiser ikke så mye fett. Frotser ikke i sauser o.l Man må vel ikke ha i seg så mye fett? :dom:
Ein MÅ ikkje pøse på med mest mogleg feitt nei, men heller ikkje unngå det. Sjølv et eg vanleg ost, mykje olivenolje, nøtter/mandlar, avocado og rømmebaserte dressingar. Då kjem ein raskt opp i ein god porsjon feitt pr. dag.
For meg er det viktig å ete feitt. Eg har fått skrale nervar og vorte deprimert dei gongane eg har ete feittfattig kost over tid.
Når det gjeld knekkebrød så kjem det sjølvsagt an på om du et lavkarbo som ein diett eller om det er varig kostendring som er siktemålet. For meg er det heilt naturleg å ete nokre knekkebrød og/eller nokre brødskiver kvar dag i og med at eg ikkje brukar lavkarbo som diett. Eg brukar det som ei varig kostomlegging der eg har kutta ut dei mest høg-glykemiske og industribearbeidde karbane.
|