Terrortrusselen mot Norge
Var det berre meg som syns pressekonferansen var veldig lite informativ? Dei sa vel eigentlig ingenting bortsett frå at dei som står bak har deltatt i kampar på bakken i Syria. Kvifor tar dei denne trusselen så alvorlig når dei veit så lite konkret? Og PST-sjefen oppførte seg merkelig og var tydelig ukomfortabel. Kvar gang ho hadde svart på eit spørsmål snudde ho seg demonstrativt vekk frå mikrofonen.
Kjenner at dette stressar meg litt. Spesielt sidan ungane er på overnatting hos Bestemor og skal til sentrum av Bergen i dag for å sjå på Tall Ship races. MASSE folk i sentrum og kan godt vere eit mulig terrormål. Men det blei ikkje gitt konkrete råd om å holde seg unna store arrangement, så eg må vel berre la dei reise for ikkje å virke hysterisk...
Eg skjønnar jo at dei må informere for å unngå spekulasjonar om kvifor det er meir synlig politi enn vanlig, men dette bidro meir til å skremme enn til å informere, syns eg.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|