Sv: Abort grunnet tvillinger?
Etter å ha tenkt og fundert litt så går det opp for meg at eg reagerer på dette på om lag samme måten som dersom ein hadde tatt abort fordi det var "feil" kjønn. Det er noko med det å henge seg for mykje opp i ei viss forventning om korleis ting skal vere/bli. Ein har ingen garanti for at det er ettare å få eitt barn enn to. Ein kan få eit kolikkbarn som skrik heile døgnet, og ein kan få eit tvillingpar som søv heile natta frå dei er 4 mnd. Slikt veit ein aldri.
Men eg synest kanskje det verkar litt umodent og naivt å ha så konkrete forventningar til korleis livet med barn vil bli at ein fjernar to barn, både eit ønska og eit "uønska" (for å setje det på spissen) i jakta på "den perfekte familien".
|