Sv: Lager du noe annet til barnet hvis middagen ikke faller i smak?
Nei, eg lagar ikkje andre ting, men passar alltid på å servere "middagsdelane" frå ulike skåler og gryter. Ein typisk middag hos oss er eit fat med kjøt (fisk/kylling/svinekjøt/karbonader el.l), ei skål med ris, pasta eller poteter, ei skål paprika, ei skål med rå gullrot i terningar, ei skål med agurk, ei med salat, ei med bønner o.l. På denne måten kan alle ete seg mette på noko dei likar, og i tillegg sikrar det eit forholdsvis høgt grønnsaksinntak for alle.
Vi har som overordna prinsipp at alle skal smake på maten (men ein treng ikkje ete opp om ein ikkje likar), bortsett frå i dei tilfella vi veit at borna har store avesjonar mot akkurat den grønnsaka (stesonen sitt forhold til tomat) eller akkurat den typen kjøt (stedottera sitt forhold til krydra kjøt).
Sist redigert av Alfa : 11-11-08 kl 09:11.
Årsak: fjerna sitering
|