Sv: Statistikkspørsmål
Har du prøvd å log-transformere konsentrasjonsverdiane? Går ut frå at tilsvarande figur då ville vise tilnærma lineær samanheng mellom log(kons) og tid slik at du då kan gjere ein lineær regresjon på transformerte data. Sidan det er standard-avvik stolpar i figuren går eg ut frå at du har fleire målingar per dag og at punkta er gjennomsnittsverdiar.
Eg veit ikkje heilt korleis forsøket ditt er designa, men dersom du har mange prøver som det er gjort gjentatte målingar på over tid må du passe på at du ikkje gjer test for uavhengige målingar. Repeated measures ANOVA er eit alternativ. Eller du kan plukke første og siste tidspunkt og gjere paired t-test. IKKJE independent t-test.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|