Sv: Hva er positivt med Bakugan?
Ok......No har eg sett litt på Bakugan på Youtube og min påstand no er at dette ikkje kan samanliknast med Jul i Svingen i det heile tatt.
Typisk dårlig, masseprodusert japansk tegnefilm. Kun delar av bildet som beveger seg og ansikta har ingen mimikk. Akkurat som Pokemon. Her er det snakk om masseproduserte tegnefilmar som blir laga kun for å selge alle desse tilleggsprodukta.
Det blir ikkje akkurat lagt energi i å få serien bra sidan det er alle produkta dei har planar om å tjene pengar på, ikkje serien.
Eg meiner at utgangspunktet for Jul i Svingen og andre NRK-seriar er motsatt. God kvalitet på innhold. Her er det serien som er hovudpoenget og så kjem alle desse produkta i tillegg.
Eg syns det er ein enorm kvalitetsforskjell mellom Pokemon/Bakugan og filmar frå f.eks Disney/Pixar. Dei lagar også ein haug med produkter til filmane, men det plagar meg liksom ikkje like mykje når kvaliteten på filmen er bra.
Men det er kanskje berre eg som ikkje har peiling på japansk tegnefilm og dermed ikkje ser det geniale med det? 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|