Sv: Kvinner burde ikke fått barn - Det hellige moderskap
Opprinnelig lagt inn av Madam Mim, her.
Jeg synes begges rett til tid med barn er viktig. Og ja, jeg mener en del damer både må ofre litt tid med ungene og huset, slik at mannen kan ha tid med ungene og huset. Menn får også barn, og de bør være med og bedrive primæromsorg på lik linje med mødrene. Og mødrene bør bidra til hjemmets økonomi, slik at menn ikke blir redusert til skaffedyr.
Heilg einig. Hos oss har pappaen hatt 3 mnd permisjon begge gangane vi har fått barn. Sjølv om det etterkvart begynner å bli meir akseptabelt at pappaen tar meir permisjon enn pålagt er det ikkje vanlig i vår omgangskrets. Dei pappaane eg kjenner har knapt tatt det dei er pålagt og då har gjerne mor tatt ferie samtidig slik at det har blitt minst mulig aleinetid med babyen. Når eg har spurt om kvifor seier dei berre at dei ikkje ønsker å vere aleine med babyen. Dei har ikkje noko behov for det. Dei argumenterer med at alle menn ikkje er like og at sjølv om min mann syns det var greit så treng ikkje nødvendigvis dei å gjere det.
Eg trur ALLE pappaer har godt av å vere heilt aleine med barnet nokre timar kvar dag over lengre tid. Eg er innforstått med at det for mange kan vere praktisk vanskelig å ta 10 veker permisjon, men når dei argumenterer med at det ikkje passar for dei å ta seg av ein baby blir eg ein smule oppgitt. Har vi virkelig ikkje komt lengre?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|