Sv: Nødvendig med smelldyr alarm på hus?
Opprinnelig lagt inn av Lille Ru, her.
@Simone: Er dere fornøyd med løsningen? Min mann har satt seg fore noe lignende, nemlig. (Del gjerne mer info. )
Det systemet vi har kjøpte vi på Clas Ohlson. Var tilbud på det då vi kjøpte det, men no er det litt dyrare.
Som sagt er vi fornøgd sålangt, men det gjenstår jo å sjå om det virkelig virkar den dagen vi faktisk får innbrudd. Røykvarslerane har vi testa, så dei veit vi virkar. Og innbrudds-delen ser jo ut til å fungere fint kvar dag når eg "bryt" meg inn. Vi har satt opp alarmen slik at den er kobla til fleire telefonar. Først ringer den til mannen sin mobil. Dersom han ikkje tar telefonen ringer min mobil. Dersom eg heller ikkje tar telefonen ringer jobb-telefonen til mannen, og til slutt mi mor sin telefon(sidan vi ofte er på besøk der)
Einaste problemet vi har hatt er at eg ikkje har klart å venne meg til å skru av alarmen når eg kjem heim. Eg har ein liten fjernkontroll på nøkkelknippet, så det burde vere ei enkel oppgave å venne seg til.
Eg har også lurt litt på om vi kjem til å få falsk alarm ved at IR-sensoren slår ut pga ei flue eller noko sånt. Eller skyggen av markisa som blafrar i vinden. Men foreløbig har vi ikkje hatt falske alarmar.
Og så KAN det jo vere at ein eventuell innbruddstjuv er smart nok til å kutte straumen før han går inn i huset. Då vil ikkje internett-kameraet fungere.
IR-sensoren og alarmsentralen går på batteri, så mobiltelefonen vil ringe uansett.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|