Sv: Farlig? iPad og badekar
Eg trur ein trygt kan sei at om ein mister eit slikt appart i vatnet vil ein ikkje merka noko som helst på kroppen. Straumen mellom polane på batteri eller adapter vil gå kortaste vegen, altså gjennom vatnet, og ein slik låg spenning vil då ikkje kunna driva merkbar straum gjennom kroppen som har langt høgare resistans enn vatn.
Har ein fungerande jordfeilbrytar trur eg heller ikkje eit apparat med 220V spenning i seg vil gjera merkbar skade før straumen vert kutta då jordfeilbrytaren reagerer raskt på sjølv små krypstraumar mellom kontakt og jord.
__________________
Rart er fint
|