Sv: Spinoff: Hvor har du gifteringen?
Høgre.
For tida er den plassert på langfingeren. Den er for stor til ringfingeren, og eg har ikkje fått somla meg til å skru den inn. Det vittige er at mannen har også sin ring på langfingeren. Han var "uheldig" å sovna på sofaen i etterkant av ein halvmaraton i fjor. Kompisen drog ringen av ringfingeren og gøymde den. Så fulgte leiteaksjon, og da den endeleg dukka opp var mannen småirritert og trødde den på feil finger med full kraft. Det enda med ein rimelig hoven og kjip langfinger, og ringen sitter som støypt.
Han har ikkje vondt i den lenger, men skal ringen av, må den truleg sagast av. Eg har foreslått ein hardcore lavkarbokur der han mistar både væske og feitt. Han går for den der saginga, seier han.
__________________
Bergensis
|