Sv: Ungdom og alkohol? Hva hadde du gjort?
Eg synes dette er ei kjempevanskeleg sak, og veit ikkje heilt kva eg kjem til å gjere når mine born kjem i den alderen. Eg er ikkje einig i dei aldersgrensene som fins på alkohol i dag, og meiner verkeleg at ein 16-åring bør kunne få kjøpe og drikke øl (men ikkje vin og sprit). Eg synes det er eit kjempeparadoks at ein som 16-åring skal kunne vere ansvarleg og moden nok til å kjøre lett motorsykkel og ha sex (og kanskje også å vere forelder), men ikkje ha lov til å ta seg ein halvliter eller to. Likevel byr det meg imot å bryte norsk lov, som forelder og forbilde, så som sagt så synes eg dette er ei vanskeleg sak å vere bombastisk i.
|