Sv: Brødbakemaskinoppskrifter?
Vår maskin fulgte det med hefte til, eg bruker den for grovt brød og varierer den grove delen etter kva som finst i huset, i tillegg har eg lagt til ca 25g vatn når eg bruker 50g linfrø.
Oppskrifta blir da sånn cirka (behalderen står på kjøkkenvekta som nulles ut mellom kvar ingrediens, difor blir nesten alt i gram) 350g vatn, 1 ss sukker (hjelper på hevinga), 1 ss olje, (1 ts salt bruker eg ikkje, men om du vil ha salt så er det det som står i oppskrifta), 50g linfrø/solsikkefrø/andre heile korn, 260g grovt mjøl, 260g kveitemjøl, 1ts gjær.
Så trykker eg på menyen for grovt brød, lettsteikt skorpe og 750 g brød.
Det ramler saman: prøv med litt mindre væske, eller med mindre gjær dersom du har prøvd å auke mengden.
Murstein: prøv med litt meir gjær, maks 0.5 ts meir.
Generelt blir det lettare og meir fløffy og dermed høgare dess større andel kveitemjøl du har i, og viss det grove mjølet ikkje er sammalt kveite så blir det ofte tyngre (men det kjem an på kva mjøl det er da).
Ein pose tørrgjær som er opna er visst haldbar berre i to døgn, i følge oppskriftsheftet som følger med maskina. Det er ca 3 eller 4 ts i ein pose, så det går akkurat unna om du baker kvar kveld.
Vi har Tefal XXL eller noko slikt, den har to krokar og lager avlange brød. Meget nøgd med den, vi har ikkje kjøpt vanleg brød ein einaste gong sidan den kom i hus i mai, trur vi.
|