Sv: Hvordan er DINE tradisjoner på julaften?
Obligatorisk er julegårdsbesøk med kjøp av tre, hopping i høyet, grilling av pølser og for min del: påfølgande tette luftvegar pga høysnue. Litlejulafta er det som regel ei samling i min familie med dei som feirer jul her i området. Vi skal også innom svigermor ein tur.
Treet vert pynta saman med ungane, og så er det film, godteri, julekjeks og grevinnen og hovmesteren. Når ungane er i seng, er det beina på bordet for meg og samboar.
Julafta er det strømper med litt godteri og julehefter til barna. Lillesøster vert propell av sukker, så det er ikkje mykje dei får. Orker ikkje å ha ho oppunder taket heile dagen. Det går stort sett i tv heile dagen, selvfølgeleg med julemorgen som start. Lillesøster reorganiserer pynten på treet, og eg heng den tilbake på plass der eg sjølvsagt synest den tek seg best ut. Vi spiser grøt, og set ut grøt til nissen. Lillesøster reorganiserer pynten på treet, og eg heng den tilbake på plass der eg sjølvsagt synest den tek seg best ut. Så er det innom kyrkjegården for å tenna lys på grava til svigerfar, og vi henter mamma som skal feire jul hos oss. Vel heime reorganiserer lillesøster pynten på treet, og eg heng den tilbake på plass der eg sjølvsagt synest den tek seg best ut.
Middag kl. 17 mens sølvgutane syng jula inn, og deretter ein kjapp rydderunde, kaffilaging, fram med litt kjeks og generell pining av barna. Lillesøster reoganiserer treet osv.
Pakkeseansen er roleg hos oss. Det er ikkje så stor haug under treet at det tar heilt av. Så kaffi og dessert som ingen orka etter middagen, avslapping mens samboar les diverse bruksanvisningar/ legoanvisiningar og kjem med lyder av undertrykt frustrasjons mens lillesøster snakker på inn- og utpust, og storesøster himler med augo over kor teite alle er. For deretter sukker henført over alle dei fantastiske rosa gavene ho har fått.
Så kjører eg mamma heim, mens samboar får litt kontroll over huset og ungane. Når eg kjem heim igjen er det beina på bordet, godteri og vin, og roleg vaksentid. På loftet spinner lillesøster rundt i senga, mens storesøster sukkar henført over dei fantastiske rosa gåvene ho har fått.
Før eg legg meg, konstanterer eg at lillesøster har reorganisert pynten på treet mens eg var vekke, og eg gir blaffen.
God jul!
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|