Sv: Lege ga Jehovas Vitne blodoverførsel
Det er ei veldig vanskeleg sak.
Eg trur kanskje "folk flest" har lett for å gløyme at døden står i eit anna perspektiv for den sterkt religiøse. For eit sterkt truande Jehovas Vitne er ikkje det jordiske livet det eigentlege livet, men eit forstadium til det verkelege livet. I det jordiske livet blir ein testa og funne verdig til å gå vidare til den paradisiske tilstanden, eller ikkje. Dei meiner også at alt som skjer er Guds vilje, og viss Gud vil at eit liv på jorda skal vere slutt, og at eit menneske skal vidare, er det gale av mennesker å sette seg over Gud. Ein lege som grip inn og redder liv, vil i deira auge gjere seg til herre over liv og død, og det er bare Gud som kan bestemme kven som skal leve og kven som skal døy. Det er dette som er bakgrunnen for at ein ikkje skal gi blodoverføring, for det er kunstig inngripen i det Gud har sett i gang.
Eg forstår denne tankegangen og tanken om at livet på jorda ikkje er det eigentlege livet. Men det er ei grunnleggjande forståing av verkelegheita som er fundamentalt annleis frå mi eiga. Likevel blir det veldig vanskeleg å meine noko i "jordiske" kategorier, når ein tar bort dette perspektivet. Legen og denne kvinna står jo for kvar si forståing av verkelegheita, som er så grunnleggjande forskjellig at det kan sjå ut som om det har hindra kommunikasjonen.
Spørsmålet her er kanskje kva ein burde gjere eller ikkje burde gjere som lege? Det er veldig vanskeleg å svare på. Legen sin jobb er å redde liv, her og nå. Men for kvinna slutter ikkje livet, om det slutter her og nå. Det går over til eit anna stadium. For legen er plikta til å redde liv størst men for kvinna er plikta til å følgje det løpet Gud har lagt for henne størst. Og dermed er det to viktige verdier som står i konflinkt her. Det kan jo også verke som om dei to partane ikkje har forståing for at for den andre parten er den andre norma viktigast.
Det blir spennande å følgje utviklinga vidare i denne saken. (Og relgionslæraren i meg er allereie i gang med å planleggje undervisningsopplegg i etikk).
|