Sv: Jysk lenestol?
Vi har Poeng IKEA, og har hatt dei i 5 år no. Stolane er forbausande fine etter vårt bruk som inkl. herjing og mat, og ein og anna kveld i festleg lag. Dessuten er dei gode å sitja i. Våre er svarte, men det er ikkje noko problem å halda dei reine i grunn. Tørker av med fuktig mikrofiber om det kjem flekker på dei, og så har dei fått seg ein og anna omgang i badekaret med såpe og skylling. Puta på fot skammelen har gått i vaskemaskinen eit par gonger.
Eg kjenner dog ikkje til stolane frå Jysk, men har vært borti ein sofa derfrå. Var omtrent som å sitja på betong, men eigare var fornøyd.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|