Sv: Bør religion bli historie?
Eg har gitt elevane mine prøveoppgåver der dei skal drøfte skilnaden mellom religion og Harry Potter, og eg synest ikkje samanlikninga er heilt hårreisande. Det er ei problemstilling som åpner for refleksjon rundt religionane si eigenart, på same måte som der er naturleg å refleketere rundt religionen The Church of the Flying Spagetthi Monster, i forhold til kva som er definisjonen av ein religion. For viss vi forstår religion som eit felleskap rundt myter, kva skil då kristendom frå Ringnes Herre? Viss vi forstår religion som noko som gir meining til livet og fellesskap, kva er då forskjellen på fredagsbønnen i moskeen og ein fotballkamp mellom Vålerenga og Lilleatrøm? Eg synest på ingen måte spørmålet er useriøst.
Når det gjeld religionsfaget er det ikkje utdatert. Det stadig meir globaliserte og fleirkulturelle samfunnet vi lev i, treng at den oppvoksande generasjonen har både kunnskap og forståing i møte med andre religionar og kulturar. Det er så mykje framandfrykt og så mange fordommer som preger samfunnet vårt i dag, og dette kan bare bekjempast med kunnskap. Når det gjeld innhaldet i læreplanen, er eg veldig åpen for at det skal kunne diskuterast, og eg er tildels einig i det kronikkforfattaren skriv om at faget kan ta form av å vere ein antropologiske anbudsrunde, kor regionane kappast om å frastå som mest tolerante. Meir refleksjon og meir samanlikning, meir om religion som kjelde til konfliktar osv, for ikkje å snakke om meir plass til filosofi og etikk - ja takk! Det er store skeivheiter i læreplanen, når det gjeld vekting av ulike område. Og dette kan med fordel reviderast. Men faget er på ingen måte historie.
Eg stusser også på dette avsnittet:
Sitat:
"Rusproblemer, incest, rasisme, trafikkulykker, spilleavhengighet, båtføreropplæring, overvekt, mobbing, spiseforstyrrelser, seksuelle overgrep, vold mot kvinner, HIV/aids, konfliktløsning, mangel på søvn, mangel på mosjon, mangel på frokost, mangel på frukt, mangel på en hobby, mangel på farsrollemodeller, mangel på venner, tobakksforebygging, ensomhet, nettvett, islamisme, meditasjon, yoga, skismøring, sykkelferdigheter, integrering, tannstell, diskriminering, homofili, entreprenørskap, medisinering, resirkulering, kroppsfiksering, dyrehold – ja hva det enn skulle være, så er alltid universalsvaret: "Dette må inn i skolen!"
Det er veldig mange av desse tema som allereie er ein del av religion og etikk-faget. Når eg les dette, tenker eg eigentleg at kronikkforfattaren ikkje har skjønt kva faget dreier seg om, på vidaregåandenivå. For eg bruker i alle fall langt meir tid på slike emner som dette, enn på detaljar om David og Goliat.
|