Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Hjem og utstyr > Husmorskole

Organisere familie på 6 i 10 uker på hytta?

Husmorskole Det finnes et hav av gode tips til hvordan få ting til å fungere bedre. Her kan man spørre, dele og få gode råd av hverandre.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 07-03-12, 13:33   #20
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Organisere familie på 6 i 10 uker på hytta?

Vi var på hytta nokre veker om gangen då eg var 8-12 år (brørne mine er 2 og 5 år yngre), og då var det iallfall strikt regime på inneklær og uteklær, og så lenge klærne ikkje sto av seg sjølv så vart det brukt på nytt. Vi dro heim cirka ein gong i veka for å dusje og vaske klær, då vart "alt" vaska. Undertøy og sokker bytta vi dagleg, men ikkje resten.

Med ein passe grundig kroppsvask og bruk av deo så kan også post-pubertale bruke t-skjorter/gensre fleire dagar (i dette tilfelle iallfall inneklær, uteklær sveitter ein vel meir i), evt kan det hengast til lufting ein dag om man føler for litt variasjon.

Når det gjeld mat så har vi brukt mykje tørrmat og ferke grønnsaker på hytta. Alt (også salat) held fint i romtemperatur i nokre dagar, men det er viktig å planlegge litt - salatmåltidene bør kome på dag ein og to etter innkjøp, mens gulrøttene og potetane kan brukast seinare. Eg liker ikkje hermetikk, så hermetiske kjøttkaker etc utgår. Men vi kjøper ofte frossenmat og oppbevarer (tiner) eit par døgn i kjøleskapet. Halvsteikte brød og knekkebrød er kjekt å ha (også om nokon er "i bygda" dagleg og kan handle ferskt brød), og vi pleier ha nok mat til ein (litt kjip) middag eller to i tilfelle vi ikkje orker handle den dagen vi skal.

Feks: (handledag) grillmat, salat - salat med pasta og tunfisk - salat med pasta og fetaost - frossenfisk, potet, gulrot - (handledag) kylling, ris, salat/grønnsaker - pasta, kjøttsaus - suppe. Ukeplan kan det vere lurt å øve på heime, finn ut kva rettar som funker og gir minst mogleg oppvask.

Havregraut er ikkje nødvendigvis veldig praktisk, det blir ekkel oppvask, men viss alle liker det er det iallfall enkelt å lage og servere. Elles held det med få pålegg, vi har pleid ha syltetøy, småboksar med leverpostei og makrell (kkje kjøleskap), kaviar, smøreost (må ikkje i kjøleskap viss det er veldig fullt) og kvitost/brunost - med egg og spekepølse for litt variasjon. Avhengig av kor kravstore familien er til pålegg så er det lurt å avgrense det så det er færrast moglege ting som må i kjøleskapet - om alle tar leverpostei så varer ikkje ein boks så lenge, og då kan de ta eit anna pålegg til neste måltid.

Då eg var barn hadde vi kvar vår kopp i forskjellige fargar som vart vaska om kvelden, vi delte på kniv/skei til pålegget, og brødtallerkar trur eg berre vart tørka av med fuktig klut i staden for å vaskast.

Ha god disiplin på mellommåltid og kjøkkenbruk - det er ikkje gitt at alle skjønner at det er enno viktigare enn heime å hugse å lukke kjøleskapdøra, eller at det ikkje er så lurt å ta ein ny kopp kvar gong dei vil ha ein slurk vatn.

naima er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 22:51.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no