Kvit farge til vegg mot standard farge på dør
Vi bygger hus - alskens verdensproblem ein frivillig påtar seg altså.. 
Vi har bestilt ferdig malte innerdører i heiltre - standard kvitfarge. Dette betyr at dei er bomull / eggehvit det da. Karmar i denne fargen skal dei jo også ha (elles er det listefritt, bortsett frå ved golv). Så skal jo dørfargen stå i kombinasjon mot lyse vegger - som eg i utgangspunktet tenkte å ha i Letthet, refleksjon eller tilsvarande. Og så blir det IKEA kjøkken i høgglans kvit - og kjøkkenet er eit stort allrom slik at her blir det mykje vegg (med møne opp). Nett no ser eg for meg at dørene vil sjå gule ut, mot vegger som er kvite, og at kjøkkenet blir blenda.
Eg kan sikkert få spesialfarge på innerdørene (mindre gul), men neimen om eg er sikker på om eg er villig til å betale tusner for det! Heilt ærlig ville eg da heller malt vegger i bomull , men da blir sikkert kjøkkeninnreiinga sjølvlysande! Gaah!
Er det nokon her inne som har standard farge dører mot kvitare vegger og kan fortelle meg om dette er verdt ei krise eller eit skuldertrekk? Meeeh.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 11-03-12 kl 17:42.
|