Sv: Hvilken brystpumpe skal jeg velge?
Opprinnelig lagt inn av Fakse, her.
Du har sikkert et poeng, men for oss ble det også et problem. Vi skulle vente så veldig lenge til alt med amming var på stell, så da vi omsider prøvde nektet hun å ta flaske, og var aldri i nærheten av å ville ha. Om det er viktig at ungen tar flaske tror jeg det er lurt å ikke vente for lenge heller.
Du har sikkert også eit poeng 
Men eg har tenkt ein del på det du seier om å introdusere flaske tidleg nok, og har forsøkt spørre ammehjelpere om det finst noko forsking på dette med "tidsvindu for introduksjon av flaske". "Overraskande" nok så er det ingen som har sett noko slik forsking, og ikkje har eg klart finne det heller. Men eg kunne VELDIG gjerne tenkt meg å sjå noko forsking på det, altså på om det finst noko kritisk tidspunkt for vellukka introduksjon av flaske (eller rettare sagt av kombinasjon av flaske og amming), at det helst bør skje før ungen er 4 veker eller 4 månader eller før skulestart eller noko slikt.
Problemet er jo at det er veldig mykje synsing, både frå ammeforkjempere som i varierande grad meiner amminga bør vere godt etablert og uansett kan ein aldri garantere mot sugeforvirring, og frå folk som deg, som meiner flaske bør introduserast tidleg, elles kan det bli vanskeleg (her må eg vel først som sist beklage terminologien, men eg klarte berre ikkje finne nokre betre ord enn "ammeforkjempere som meiner..." og "folk som deg". Det er ikkje vondt eller negativt meint, men eg fann altså ikkje betre ord akkurat no.).
Min teori er at for dei fleste så går det bra å introdusere flaske saman med amming når dei gjer det, uansett om dei gjer det "tidleg" eller "seint" (med "bra" meiner eg sugemessig, ikkje i forhald til kordan det går med amminga etterkvart - det er ein annan sak/problem).
Problemet er å identifisere dei det ikkje kjem til å gå bra for, og det er tildels vanskeleg. For sugeforvirringsdelen så er det nok ein del å hente på å sørge for at amminga er godt og stabilt etablert slik eg har skrevet om før. For flaskevegringsdelen er eg veldig usikker. Er det berre alder som er saleggjerande? Er flasketypen avgjerande? (Ut frå ein del foruminnlegg eg har lest: for ein del er det tydelegvis det.) Er det andre faktorar som speler inn?
Og eg er ikkje overtydd om at *alder* er ein viktig faktor her. Så lenge det er basert på personlege erfaringar og ikkje på forsking så blir det jo kun enkelt-datapunkt, heilt utan nokon vitskapleg kontroll eller vurdering av dei. Kanskje ville ungen som fekk flaske etter 1 veke ha tatt den uansett om den fekk den etter 1 eller 3 månader? Kanskje ville ungen som nekta flaske etter 1 månad ikkje tatt den uansett om den fekk den etter 1 veke eller 3 månader? Når flaska først er gitt så blir det som etter at Schrödinger åpna kassa med katta - kassa hadde blitt åpna.
Om nokon har referansar til forsking på akkurat dette så blir eg altså veldig glad. Også om forskinga viser at det faktisk ER eit "flaskeintroduksjonsvindu" 
|