Sv: Er barnepass litt "annenrangs oppdrag" i forbindelse med flytting?
Eg trur ikkje det er automatikk i at besteforeldre har eit behov for å tilbringe tid med barnebarn. Det er ikkje alle som likar barn eingong. Besteforeldre eller ei. Det er trist og leit, upraktisk og sårande. Og ein kan godt seie at det er deira tap, men eg er ikkje så sikker på at denne typen besteforeldre filosoferer så mykje over nett dette. Det som er provoserande med desse er at dei veldig gjerne snakkar om og skryter over barnebarna.
Eg hadde også heller sjaua enn å passe barn, sånn i utgangspunktet. Og det handlar om at eg korkje har barnetekke eller tolmodighet.
Men du og mannen din har lov å tykje dette er sårt, Appelsin. Virkelig!
Og så trur eg det er viktig å ta ein ny runde med dei der du i klartekst forklarar kva dei kan hjelpe til med. Gi dei alternativ, liksom. Det er fullt forståelig at det beste hadde vore om dei kunne gi dei to eldste ein slags ferie eller tilbud medan flyttinga pågår. Men om dei ikkje er så gira på det, så kan dei kanskje stille opp med noko anna. Feks. sjauing? Og er dei klar over at det berre er dei to eldste, at det ikkje inkluderer minsten?
__________________
Bergensis
|