Sv: Flaskepant
Gjenbruksflasker treng ikkje strekkode. Dette er dei "gamle" brusflaskene i ganske hard plast. Dei blir returnert til bryggeria og brukt på nytt.
Eingongsflasker må ha strekkode. Dette er alle mjuke (PET) flasker, inkludert alle med logoar, spesiell form osv. Dei vert kverna opp til plastspon som vert brukt til nye produkt.
Det er gradert avgift på emballasje, graderinga er avhengig av returprosenten, difor er det pant på flasker som ikkje blir gjenbrukt også - produsenten får lågare avgifter då.
Meir informasjon: http://www.resirk.no/norsk/for-forbruker/sp%C3%B8rsm%C3%A5l-og-svar.aspx
|