Sv: Norges kristne - Hvilket århundre var vi i, sa du?
Desse haldningane finst dessverre i ekstreme, lukka miljø. Eg har ei bakgrunn som gjer at eg kjenner fleire som støtter kristen-fundamentalistiske haldningar. Heldigvis er det ei marginal gruppe i den store samanhengen.
Eg er ikkje einig i det dei står for, men eg synest likevel det er veldig positivt at dei danner eit parti og forsøker å gå gjennom åpne, demokratiske kanaler for å formidle bodskapen sin. Det er langt betre enn mykje anna eg har sett, frå slike miljø. Eg meiner det er viktig at slike grumsete haldningar blir sett på prøve i den offentlege debatten, og ikkje bare er gjenstand for diskusjon i svært lukka miljø. Innad i desse miljøa, får ein gjerne ei kjensle av at _alle_ er som leiarane og at _alle_ meiner det same, fordi miljøa er så lukka for innspel utanifrå. Ved å stable på beina eit parti, bruke sosiale medier og andre medier og dermed lukke opp, vil kanskje dei som veks opp i slike miljø måtte stille litt fleire spørsmål rundt lære og etikk i organisasjonane.
Om dei har tjue eller femhundre tilhengarar, vil det ikkje gi store utslag på stortingsvalet i 2013.
|