Sv: "Lette" bøker
Lager bibliotekliste.
I natt begynte eg på Marions Slør av Roy Jacobsen, fordi ho stod i hylla her. Og den minner jo meir om eit manus enn ein roman. Snakkes, for eit oppstykka og usammenhengande makkverk. Overgangen mellom avsnitta er ikkje-eksisterande og det er alt for mange ufullstendige setningar. Og når ein skriv ei bok på 370 sider, er det plass til heile ord, ein treng ikkje skrive "sånn ca." og "pga", i bøker. Og likevel er eg nysgjerrig på handlingsplanet, så eg må jo lese vidare. Plutseleg hugser eg korfor eg er kresen på krim... Det er jo ikkje bare å legge bort dei dårlige bøkene.
Teikneserier var smart! Det har eg ikkje tenkt på. Viss nokon har tips til gode teikneserieromaner, tar eg gjerne mot det. Har lese Coraline og Persepolis, og det er jo eit godt eigna format.
IzziCreo: Eg har sett sesong 1-3 av True Blood. Er bøkene gode etter at ein har sett serien også?
Ungdomsbøker er godt forslag. Det er ei svensk bok også, som fekk mykje god omtale for ei tid sidan. Nokon som hugser kva den heiter?
|