Sv: Hjelp og tips til innredning av garderoberom?
Vi har banna litt over hjørneskapet til pax i sommar, og endt opp med ein nesten-god løsning. Garderoben vår frå IKEA kom på 4500, mot dei 20.000 vi fekk i anbud hos Garderobemannen. Men det har gått med mykje tid til montering og bytting av ting som ikkje passer likevel.
Dersom det er denne hjørneløsningen du snakker om: http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/20223071/ så står det på nettet at han er 73*73 cm og kan monterast til både 58 og 35 skap. Det det ikkje står, er at viss han skal brukast saman med 58-skapa, må han trekkast ut frå veggen i hjørnet for at fronten skal bli kant-i-kant. Det betyr at saman med 58-skap, tar han ikkje lenger 73 cm, men 23 cm ekstra (som blir borte bak skapet) og det bygg nærmare ein meter ut frå veggen. Dette opplyste dei ikkje om i garderobeavdelinga, men for oss førte dette til at det ikkje var plass til det vi hadde kjøpt likevel, etter at vi hadde begynt monteringa og vi måtte tilbake å bytte fleire av 58-skapa i 35-skap.
Eg ser at veggen din er 1,70? Vår var 1,80 og hadde ikkjeplass til to hjørneskap og 58-skap.
Vi kunne jo ikkje bytte det som var montert. Då vi kom tilbake til IKEA oppdaga vi at det er ikkje alt som finst i alle fargar. Vi hadde kjøpt hvitlakkert eik, først, med 35-skapa finst bare i kvit. Nå har vi bytta litt på deler, slik at dei kvite stammane står slik at dei ikkje er synlege, men inn mot kvarandre. Men det er dumt å måtte forandre undervegs, sidan ikkje alt finst i alle fargane.
Eg trur løysinga blei god nok, tilslutt, men det var ein del frustrasjon under monteringa, som kunnevore unngått dersom opplysningane om mål på nettsidene til IKEA hadde vore tilstrekkelige og dersom dei som jobba der hadde hatt litt meir kunnskap om varene dei solgte. Mitt inntrykk er at pax-serien er nesten-mogleg å skreddersy, men ikkje heilt.
|