Sv: a-endelser, når er det lov?
Det er alltid lov, både på bokmål og nynorsk, men du bør vere konsekvent. "Jenta sitter i solen" fungerer for eksempel dårleg. "Jenta sitter i sola" fungerer bra. Når du vel -a-ending, må du og bruke ei på hokjønnsord. (Det sitter ei jente i sola, ikkje "det sitter en jente i sola").
Åssen er relativt radikal bokmål. Viss du vel åssen, bør du bruke -a-ending og ein del andre valfrie former som sjøl (som er det einaste eg kjem på i farta). Også her er det lurt å vere konsekvent.
Alle verb som kan slutte på -et i preteritum, kan og slutte på -a i preteritum. Verb som slutter på -de eller -te, kan ikkje slutte på -a i preteritum.
|