Sv: Når flyttet barnet over i beltestol?
Me har ein ekstra beltestol i bagasjerommet. Me plasserer barn der som ikkje lengre brukar sikringsutstyr i sine bilar. Dei er for små til å sitte utan, og så lenge me er ansvarlege, så blir det sånn. Men både barn og voksne stiller seg totalt uforståande til at me er strenge på dette.
Eg synes det byrjar bli vrient med storesøster no. Ho er lita, 130 cm og rundt 23 kg, så størrelsesmessig bør ho absolutt sitte i bilstol ei stund til. Men det byrjar å bli stigmatiserande. Ho er den einaste på sitt trinn som framleis blir sikra. Me er steile og seier at det er lovverket som regulerer dette og at me vil at ho skal vere tryggast mogleg når ho køyrer bil. På tur med håndballaget, i privatbilar, vart det himla med auger både frå vaksne og barn da me kom med bilstol.
I barnehagen har det vore så mykje mangelfull sikring at til og med barnehagepersonalet har reagert. Dei kontakta TT og fekk ein plakat med reglar og anbefalingar. Denne er hengt på utgangsdøra. Podens kompisar (07) sitter framme, og det utan å kople ut airbag. Poden vil også sitte framme. Klart han vil det! Me snakkar også her om lovverk og tryggleik, men da kjem spørsmålet om politiet kan "ta" kompisane eller om dei kjem til å bli skada.
Det er ikkje aktuelt å la "alle andre" bestemme korleis våre barn skal sikrast, men at det etterkvart blir eit sosialt stigma, ja det er unektelig eit faktum.
__________________
Bergensis
|