Sv: Hvor mye koster det å bygge enebolig?
Sist eg sjekka blei det rekna ca. 20 000 per kvm. for eit nybygg. Vårt bygg havna oppi der ein stad, men vi har ikkje satt oss ned og gått gjennom kostnadene. Og vil helst ikkje heller Nå betaler vi lånet vårt og nyt huset i staden.
Det finst masse fine ferdighus å velge i. Berre hugs at dei fleste er levert med veldig "enkle" valg inne. Kanskje er det berre eit el-punkt over kjøkkenbenken. Det er kanskje ikkje nok kontaktar til både TV, spelekonsoll, DVD og andre dippeduttar du skal ha borti kroken. Generelt er det ofte altfor lite, og ekstra stikk er veldig dyrt. Bad og kjøkken vil du kanskje oppgradere, og så vil du kanskje flytte på ein vegg. Kanskje har du lyst på litt skikkelig parkett, eller du vil ha eit stort hjørnebadekar, eller noko anna som du har drøymt om å ha.
Dei eg kjenner som har bygd i det siste har betalt mellom 4 og 6 mill for eit hus på mellom 200 og 300 kvm. Det skal vel vere mulig å greie under 4 om de finn eit hus som er arealeffektivt og nøye tilpassa dykkar behov.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|