Sv: Har "mammabloggere" definisjonsmakt rundt hva som er "barnas beste"?
Då eg var gravid, var eg innom ganske mange fora og eg må seie at dette er det einaste forumet kor det er mogleg å få relaltivt velgjennomtenkte og fornuftige svar på ting. Ein ting er det som går direkte på sikkerheit, som bakovervendte seter og liknande, det skjønner eg at ein kjenner behov for å snakke høgt om. Men det er veldig mange materielle krav som blir framstilde som "barnets beste". Eg blei heilt svett av å lese om alt ein måtte kjøpe for å vere gode foreldre. Eg prøver å vere nøktern og tenke praktisk og bruke sunn fornuft, men eg merkar at eg blir påverka av alt dette eg les, dermed boikotter eg nestlégrøten i butikkhyllene og seiler rundt på glatta med krykker for å få tak i økologisk hirsegrøt på helsekostbutikken. Med det meiner eg ikkje at ein ikkje skal gjere sitt beste for å ivareta sikkerheit og trygge rammer for barnet. Men det er fort gjort å lese seg blind på anbefalingar og ende opp med å vere så opptatt av "tre lag pluss pose i minusgrader" at ein ender opp med overoppheita baby med falsk feber.
Eg synest det er fint at nokon tar til orde for at ein må tenke sjølv, ikkje bare sjå seg blinde på anbefalingane frå overalt.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|