Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

Hilde Sandvik i bt

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 09-02-13, 12:40   #28
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Hilde Sandvik i bt

Men litt alvorlig:
Eg trur det er ytterst få som ønsker at nasjonalstaten Norge skal opphøyra slik den er i dag. Dei aller fleste kjenner seg som nordmenn og har ein klar identitet her. Sjølv dei fleste bergenserar vil innrømme det trur eg

Det dreier seg aller helst om fordeling av makt og midlar - typisk sett til samferdsleprosjekt. Dette er svært viktige spørsmål for alle, og det er ikkje berre flås at det er sterkt aukande misnøye med korleis pengesekken blir fordelt. Det nye er kanskje at Stavanger og Bergen har begynt å kjenne på at dei har ein felles ståstad i noko - byane som tradisjonelt ikkje har villa hatt så mykje med kvarandre å gjere. No ser ein i stadig fleire prosjekt at ein jobbar interkommunalt og interregionalt. Men til nå har ikkje dette fått skikkelig gjenklang politisk. Kanskje kjem det no etter kvart?

Oslo og austlandet har store utfordringar på samferdselssida dei og. Og rett skal vere rett: det er her hovedtyngda av folkesetnaden bur. Sånn sett kan ein seie at når noko ikkje fungerer i aust, så er pinsla større enn i vest/nord, fordi det går ut over så mange. Men utfordringa er at det ER pigadø store trafikale problem i og rundt dei andre store byane også, såpass at det kan ikkje berre feiast under teppet fordi ein har det så travelt med å fikse ting i Oslo-regionen. Og for å trekke det enda lenger; det angår oss alle at der er rasfarlege vegar i Sogn og Fjordane. Så kan ein seie at folk berre kan flytte derifrå, men eg syns det ei dårleg løysing. Eg meiner ikkje at folk skal bu på kvar ein holme og nes, men det er BRA for landet vårt, for turistnæringa og for kulturlandskap at det finst bygder. Gidd franskmannen feriere langs dårlege, milelange vegar med berre kratt, urskog og fråflytta bygder? Dei kan sjølvsagt dra til Austlandet, men det er verkeleg Vestlandet og Nordnorge som gir dei store landskapsperlene og wow-effekten. Det er her dei gjerne legg igjen pengane sine.

Eg ønsker eit Vestlandet (og Trøndelag, og Nordnorge) som står økonomisk friare. Eg ønsker sterkare regionar, og dermed noko svakare nasjonalstat. Men eg kjenner meg som nordmann, syns Oslo er ein fin hovedstad som eg gjerne besøker. Og det er ikkje sant at alle frå Oslo og austlandet er håplaust ignorante, men eg må innrømma at enkelte kan vere relativt navlebeskuande. Og det kan føre til at dei egentlig er temmelig likegyldige til kva som skjer på Vestlandet og i Nordnorge. Det er eit ikkje-tema. Det er eit stort gjesp, egentlig. Det blir litt som i brevet frå "Oslo" - med beskjed om at "dere fikk jo trekantsambandet, nå må dere være litt rolige noen år".

Og litt på sidelinja: Bergen skal vere litt forsiktig med å påklage seg det å ikkje bli forstått – dei har tradisjonelt sett seg som eit "herskarfolk" sjølv Så kua må ikkje gløyme at ho var kalv ein gong. Det kan forsåvidt vere ei erfaring å ta med seg vidare.

__________________
Jente 2003 og gut 2005

Sist redigert av Syrin : 09-02-13 kl 12:52.
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 23:27.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no