Sv: Private grunnskular
Ein kan vel starte så mange motessoriskular ein vil i same kommune, men det blir ikkje nødvendigvis gitt stønad til drift av mange små skular med det same pedagogiske tilbodet. Så det er nok heller eit spørsmål om finansiering, enn om antalet lovlege skular.
Og til det du spurde om over: Ja, raddisforeldre kan starte kva skule som helst, men det vil vere restriksjonar med tanke på kva ein får stønad for og ikkje. Eg er og usikker på kva som skjer med barnetrygda viss ein tar barna ut av skulen og over i eit ikkje offentleg godkjend tilbod, men eg veit at barn av foreldre som ikkje følgjer opp skuleplikta kan miste barnetrygda.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|